Etne Sand & Pukk AS har siden 50-talet utvunne sand og grus i Etne

Me utvinne sand og grus frå Austrheim 4 km aust for Etne sentrum. Massen vert transportert med vogntog ned til produksjonsanlegget på Tongane.

Etter at massane er utnytta vert landområda planert ut til dyrka areal igjen, men då på eit lågare kotenivå. Me blandar inn utvaska slam og silt i jodmassane slik at jorda held betre på fuktigheten og ikkje er så utsatt for tørke. Erfaringa viser at grunneigar sit igjen med mykje meir jordbruksland etter at massen er utvunne. Dette mykje på grunn av skråningar og dalar vert rettare samt utfylling og planering av myr og ubrukt beiteområde.