Levering

Produksjons-og lagerområdet ligg til etnefjorden. Me har difor utskipningsmuligheiter med båt. Om lag 70 % av leveransen vår går på båt, og dette er i hovudsak betongtilslag.

Me har utskipningsband som går rett i lasterommet på båten. Fraksjonane vert blanda på transportørar, som fører massane til utskipningsbandet.

Dei fleste leveransar går med båtar på rundt 1200 tonn.

Dei resterande 30% av leveransen går på lastebil til nærområda.